Fag: NOR110 Nordisk grunnfag, litteratur

Oppgavetype: Hjemmeeksamen

Tidspunkt: Våren 2003

 

 

Kandidat 8588

 

Oppgåve:

Anten: Gje ein analyse av eit skandinavisk episk eller dramatisk verk frå siste halvdelen av 1800-talet med hovudvekt på framstillinga av forholdet mellom mann og kvinne i verket. Dra nokre liner til annan litteratur frå same tidsrommet.


Analyse av Garman & Worse av Alexander Lange Kielland

 

Alexander Kielland vart fødd i Stavanger i 1849. Slekta hans hadde i tre generasjonar vore det største og rikaste handelshus i byen. Heimen hans var høyborgarleg, konservativ, selskapeleg og kultivert, men ofte prega av farens stadige misnøye. Kielland skulle heile livet vere fylt av eit høgst ambivalent forhold til både familiemiljøet, samfunnslaget og byen han var fødd inn i. Frå eit verdibevarande utgangspunkt vart han ein radikal opprørar mot makthavarar og autoritetar og ein talsmann for dei undertrykte. Samstundes var dei gamle tilknytingane levande i han. Han heldt fram å leve borgarleg, men var ifølgje eit velkjend sitat fylt av “den onde samvittighet over at jeg har det altfor godt”. Han vart mot slutten av livet borgarmeister i Stavanger og amtmann i Romsdal. Kielland døydde i 1906.

            Denne ambivalensen skulle kome til å prege Kiellands forfattarskap. Frå sitt store førebilete den danske filosofen og forfattaren Søren Kierkegaard (1813-55) henta han det ein kan kalle ein sjukdomsmetafor: Kielland ville fremkalle den “sjukdom[RH1] [RH2] ” som kunne føre til politisk forandring i samfunnet. Her må ein trekkje fram den nemninga som kallast realismen. Tradisjonelt brukast denne innan litteraturen om ei dikting som prøver å skildre røynda på ein heilt objektiv måte og plasserast gjerne til 1870- og 1880-åra i norsk litteraturhistorie. Per Thomas Andersen påpeiker likevel at “i forhold til virkeligheten står realismen i nøyaktig samme posisjon som en hvilken som helst annen retning innen kunst og litteratur. Realisme er et sett av kunstneriske virkemidler og retoriske strategier som bygger på og formidler noen bestmte fortolkninger av tilværelsens betingelser og muligheter.” (Andersen 2001:209-10). Dessutan knyttast nemninga til den danske litteraturkritikaren Georg Brandes’ (1842-1927) kjende parole “Det at en Litteratur i vore Dage lever, viser sig i, at den sætter Problemer under Debat”. Heile Kiellands forfattarskap er i all hovudsak knytta til realismen. Ambivalensen gjev seg utslag i at han ikkje er så kritisk til si eiga klasse som ein kanskje kunne ha forventa.

            Kielland debuterte som forfattar i 1879 med Novelletter. Oppmuntra av brørne Edvard (1847-1931) og Georg Brandes heldt han fram med sitt forfattarskap og romandebuterte i 1880 med Garman & Worse. Denne reknast for å vere ein milestolpe i norsk romanhistorie. Sidan gav han ut fleire noveller, romanar og dramastykke, og i Skipper Worse frå 1882 kom noko av forhistoria til Garman & Worse.

 

Handlinga i romanen er lagt til 1870-åra i ein by på Vestlandet. Først forteljast om lag eitt år kronologisk, dernest gjer forteljaren eitt framsprang på seks år før historia sluttar. Innimellom vert me gjennom retrospektive blikk betre kjend med historia som ligg føre. Historia vert fortalt gjennom tredje persons avgrensa forteljer, det vil seie at me får innsyn i tankane og kjenslene til nokre av karakterane.

            Romanen har ingen eigentleg hovudperson, han er nærare kva ein kan kalle ein kollektivroman. Karaktergalleriet sentrerast rundt familiane i samband med handelshuset Garman & Worse; eigarane, deira arbeidarar og deira omgangskrins. Det er naturleg å ta utgangspunkt i dei to sønene til den avdøde Morten Garman (gamle-konsulen): Den tradisjonelle og høgst korrekte Christian Fredrik (unge-konsulen) og den meir uortodokse Richard (legasjonssekretæren). Deira nytenkande barn er Morten, Rachel, og Gabriel og Madeleine, respektive. Morten er gift med den lettliva Fanny, dotter av amtmann Hiorth, og dei har ein son, Christian Fredrik. Kompanjongen til Morten Garman den eldre, skipper Worse, og sonen hans er svært perifere karakterar (og døde når historia byrjar), men svigerdottera og sonesonen, Jacob Worse, er meir sentrale. Andersen meiner at denne sistnemnde syner seg som “forfatterens talerør” (Andersen 2001:255). Dette synast rimeleg, med tanke på Worses noko nølande kjensler for reformismen. I omganskrinsen deira finn me dei tradisjonelle prost Sparre, pastor Martens og adjunkt Aalbom med frue samt den opportunistiske kandidat Delphin og den meir reformistiske kandidat Johnsen. Frå arbeidarklassa er det verdt å nemne Anders Bekmann og barnebarna hans Martin og Marianne samt Tom Robson, Gustaf Torpander og den såkalla Veggelusen.

            Temaa i romanen er mangfaldige. Forholdet mellom mann og kvinne vil verte drøfta i ein eigen seksjon seinare. I tillegg vil eg trekkje fram den sosiale problematikken og generasjonskonflikten.

            Kiellands sjukdomsmetafor er sentral i drøftinga av den sosiale problematikken. Samfunnet er i hans auge sjukt. Kontrasten til dette sjuke finn me i havet. Havet står som “det siste sunne i den syke verden”, som det heiter i fyrste kapittel. Sjukdomen kan tydelegast sjåast i kontrastane mellom livet på Sandsgaard og livet i west end. Borgarskapet, som inkluderer handelsstanden og dei geistlege, lever utan materielle problem, og held ball og festlege selskap. Arbeidarklassa lever i kummerlege kår og har ikkje alltid dei same rettane. Det sjåast tydeleg i kapittel XIX der det heiter “Men det var dog noe som alle visste, at til slutt gikk det som de fine folk ville ha det...” om politiets arbeid. Klassekamp finst det her og der hint til, mellom anna i kapittel XVI, der Martin bokstaveleg talt freistar å slåst mot overmakta, representert ved Gabriel. Martin er det óg som freistar å brenne opp det nye skipet som ei slags siste hemnsgjerning. Dessutan høyrer me i kapittel XV at den reformatorisk innstilte Jacob Worse har starta ei arbeidarrørsle, men at ho vart overteke av den konserverande pastor Martens og dermed makteslaus. Også det at Morten og Mariannes forhold har hatt negative konsekvensar kun for Marianne, syner korleis overklassa styrer samfunnet. Aller klarast vert skilnadene i kapittel XXIII, der Christian Fredrik Garman og Marianne Bekmann begravast samstundes. Konsulen har ei overdådig og pompøs gravferd med korpsmusikk og eit stort følgje, medan Marianne vert gravlagt i all enkelheit, nesten utan blomar og sørgjande. Viktig er det å leggje merke til at dei som freistar å “lege” samfunnet, som Jacob Worse, kandidat Johnsen og Rachel, vert så mykje som mogeleg “teke hand om” og ufarleggjort av dei konservative kreftane. I tillegg til at samfunnet er sjukt, er det óg “smittsamt”. Dette ser me tydeleg i utviklinga av Madeleine, som i byrjinga av forteljinga er i nær kontakt med havet, og som då framstår ekte og sunn. Men ho må reise til byen og bo hos sin onkels familie, og ikkje før i siste kapittel vender ho tilbake til havet. Ho oppdagar då at ho har mista si tidligare sunnheit.

            Generasjonskonflikten finn me i tre ulike sfærar, innan geistlegheita, arbeidarklassa og handelsstanden. Innanfor geistlegheita er det dei konservative prost Sparre og presten Martens som står mot kandidat Johnsen og hans støtte Rachel. Johnsen etterlyser ein større ærlegdom og open framferd hos dei kyrkjeleg tilsette. I kapittel XI held han ein tale i kyrkja om nettopp dette, som vekkjer stor oppsikt. Martin er ein kontrast til sin eigen bestefar blant arbeidarane, då han føler opprørstrong snarare enn bestefarens lojalitet overfor Garmanslekta, som han ser på som hjartelause kapitalistar. I Garmanfamilien er alle tre borna i ein form for opposisjon mot faren Christian Fredrik. Morten ynskjer ei fornying i forretningsdrifta, til dømes overgang til dampskip og innføring av marknadsføringsstrategiar. Rachel framstår uvanleg sjølvstendig overfor faren, og Gabriel bryt med den tradisjonen som seier at den yngste sonen skal studere. Det er viktig å leggje merke til at det er den nye generasjonen som vert framstilt som taparar både i geistleg og proletarisk samanheng. Johnsen vert offer for Sparres “filt-metode”, og Martin må flykte til Amerika. Men i handelsstanden vert me vitne til ein meir fruktbar tilverking mellom ung og gamal. Dette har nok samanheng med C. F. Garmans gjennomgåande sympati for Jacob Worse og komplekse haldning til nytt-gamalt situasjonen: “Hele hans liv var en innestengt kamp mellom det gamle og det nye”, som Jacob Worse seier etter hans død. Det heng nok óg saman med at det garmanske hus er “Jacob Kielland & Søn, omdiktet og forvrengt etter beste evne” ifølgje eit brev frå Kielland til E. Brandes (Beyer 1975:460), og at Kiellands tidligare nemnte ambivalens her kjem til syne. Det nye skipsnamnet Phønix, som frå egyptisk tradisjon er namnet på ein udødeleg fugl som kvart 500. år bygde eit rede der han brann opp og stod opp igjen frå oska (Henriksen 1996:180), er ein symbolsk indikasjon på denne syntesen mellom gamal og ung.

 

Når det gjeld forholdet mellom mann og kvinne, er det viktig å gjere det klart at me i Garman & Worse står overfor eit høgst patriarkalsk samfunn. Det er menn som styrer samfunnet. Det gjeld både yrkesmessig, religiøst, politisk, utdanningsmessig og privat. Det er sjølvsagt at det er Christian Fredrik som leier forretninga, og like sjølvsagt er det at hans eldste son skal overtake etter han. Sjølvsagt er det óg at kyrkjelege stillingar berre er for menn. Også dei fleste andre profesjonelle stillingar med ein viss prestisje er fylte av menn. Kvinnene finn me hovudsakleg i tjenestestillingar, til dømes jomfru Cordsen og sypika Marianne. Dessutan er det den yngste sonen Gabriel som skal få studere, medan Rachel ikkje vert vurdert eingong. Kvinnene har altså ei overveldande passiv rolle i samfunnet. Dei vert forsørgde, men vert ofte undertrykte og umyndiggjorte i ekteskapet (som Jacob Worse fortel Rachel om i kapittel XXIV), som er ein institusjon ein grunna moralske reglar og konvensjonar ikkje kan bryte ut av utan vidare. Og utanfor ekteskapet er det uansett ikkje store sjanser til å forsørgje seg sjølv som kvinne i eit mannsdominert samfunn.

            Her må likevel generasjonskonflikten i romanen trekkjast inn igjen, for dette er til ein viss grad under forandring: Dei som høyrer til den gamle tida og hennar idéar ser ut til å ha innfunne seg med situasjonen og det synast som om dei ynskjer å halde på han, medan dei yngre er meir innstilte på forandring. Spesielt Rachel nærer “en urolig trang til å ta fatt, til å gjøre noe - likegyldig hvilket - bare komme i bevegelse”, som det heiter i kapittel VI. I kapittel VIII er det ein lengre, svært sentral samtale om kvinnas stilling:

 

Derpå tok de begge [Aalbom og amtmann Hiorth] i forening “hjemmets kvinne!” - “Nordens kvinne!” - “den sanne kvinne!” - “hun, som dypest inne” og så videre - og løftet henne høyt på skjold. ... Han [Jacob   Worse] ... gikk så løs på saken om kvinnens stilling hos oss. Amtmannen spurte ham overlegent, om han var en tilhenger av   “empansipasjonen”, og da Worse svarte ja, spurte amtmannen atter med et smil om han trodde, at han ville være tjent med en emansipert hustru? Hertil mente Worse at nu var det ikke tale om hva mannen var tjent med, men om hva der var rettferdig mot kvinnen. ... Dette var en åpenbar fornærmelse ikke blott mot amtmannen, men mot alle gamle ektemenn. Adjunkten protesterte, fru Aalbom vrinsket henne i sofaen ... det hele ergret henne [Rachel]: der stod disse viktige mannfolk og behandlet henne og hennes stillling, som om hun var et fraværende dyr, og ikke en av dem falt på å spørre om hennes mening.

 

Her sjåast tydeleg kva for eit syn den gamle tida og hennar representantar har på forholdet mellom mann og kvinne: Kvinnas plass er i heimen. Mannens makt og herredøme over kvinna er óg verdiar som må verte bevarte. Det er her tale om ein “emansipasjon” av kvinnene, som er same uttrykk som vart brukt av Abraham Lincoln under frigjeringa av slavane tiåret før. Denne latterleggjerast og må motarbeidast; legg merke til at også fru Aalbom meiner det. Jacob Worse vert nedkjempa, rettferdskravet eller likestillingskravet hans vert oppfatta som ei direkte fornærming, og Rachel Garman vert ubønnhøyrleg oversett. Seinare, i kapittel IX, får me høyre om Rachel: “Hun var de unge herrers skrekk og hadde ord for å være lærd og skarp som bare fanden; hvilket var stor synd for henne; for ellers var hun jo et glimrende parti”. Dei eigenskapane Rachel sit inne med, som er positive og ettertrakta hos ein mann, er altså direkte skadelege for ei kvinne. Sjølv har ho innsett følgjande: “hva makt ligger det forresten på et fruentimmers overbevisning i et samfunn som vårt!”. I neste kapittel vert Worse latterleggjort av Georg Delphin for at han “søker idealet i den likeberettigede kvinne”. Eit anna døme på kvinnenes undergjevnad finst i kapittel XI om talen til kandidat Johnsen:

 

På kvinnesiden var stemningen uviss, og mange spørrende øyne vandret over til mannssiden, for å utforske hva man skulle si til dette - enten hos en far eller ektemann eller bror eller overhodet den manns-person, efter hvis dom hver især på kvinnesiden var vant til å dømme.

 

I ein episode i kapittel XXI vert Marianne Bekmann halde for å vere ei “fallen kvinne” og irettesett av presten Martens, sjølv om Morten Garman ikkje har fått ei slik irettesetjing av presten. Det skulle altså vere klart at Garman & Worse presenterer eit svært mannsdominert samfunn med enkelte figurar som kjempar for meir likestilling av kjønna.

            Når ein skal sjå nærare på dei ulike forholda i romanen meir spesifikt, kan det vere naturleg å starte med Madeleine. Hennar jamstelte forhold til Vente-Per framstillast som sunt og ekte. Men det får ein unaturleg slutt då ho vert sendt til byen, og her vert ho kurtisert av den svikefulle kandidat Delphin, halde for narr av fru Fanny og endar til slutt opp hos den konvensjonelle Martens. Me høyrer om dette i kapittel XXIV at “det var henne ikke ubehagelig at hennes kjæreste påtok seg i ett og alt å tenke og handle for henne.” Denne passiviseringa og umyndiggjeringa held fram, og i siste kapittel får me høyre at “Madeleine hadde heller ikke sagt stort imot, det pleiet hun aldri å gjøre. Det var virkelig lykkes pastor Martens å danne henne til en hustru efter sitt hjerte. ... umerkelig gled alle ting inn i det spor han ønsket.” Men dette går opp for ho mot slutten av romanen: “Hva var det for et liv hun hadde ført - et liv uten annen mening enn den: å være kone for en mann hun ikke elsket, stelle hans hus, føde barn for ham - alt sammen i en kvalm luft av vane, seremoni og selvdyrkelse.” Ho innser her at hennar plass er ved det naturlege og sunne (jamfør symbolikken med havet), og lengtar tilbake til det likestelte, naturlege forholdet til Vente-Per. Forholdet med Martens er altså sjølvutslettande og fatalt for ho. Kiellands sympati med eit likestilt forhold vert såleis tydeleg her.

            Når det gjeld Rachel, er ho i byrjinga skeptisk til Jacob Worse og finn han feig, men ho er langt meir ope overfor kandidat Johnsen. Dei har lange samtalar der dei ser på kvarandre som jamstelte menneske, og me høyrer i kapittel IX om hennar påverknadskraft og makt over han. Men Johnsen vert etter å ha halde talen sin offer for prost Sparres oppmjukingsmetode, og etter ei tid vert han forlova med dottera hans. Han vert altså oppteke i “den gamle tid”. Worse, derimot, får ho stadig meir respekt for. I kapittel XV får ho råd frå han om å byrja eit forfattarskap, noko ho ser på som “en emansipert kvinnes unoter”. Sidan kjem dei meir og meir overeins, og han ordnar arbeid til ho i Paris. Ho realiserer seg sjølv gjennom arbeidet, og etter eit lengre opphold i Paris vert dei forlova og gift. Dei er då likeverdige i båes auge, og deira lukke syner Kiellands sympati for det likestelte forhold.

            Christian Fredrik er Garmanfamiliens uomstridde overhovud. Fru Caroline Garman er ein av dei mest passive skapnadene i romanen, og i kapittel V får me høyre at “Fru Garman styrte i virkeligheten ikke sitt hus ... Men da hun således var nesten uten positiv innflytelse, innskrenket hun seg til å svare “nei” til alt hva hun merket de andre i huset ønsket.” Ho gjer altså eit stille opprør mot hennar mangel på makt i forholdet.

            Eit mønsterekteskap for den gamle tida finn me i forholdet til herr og fru Aalbom. Adjunkt Aalbom er den uomstridde makthavaren i forholdet, noko fru Aalbom finn problemlaust, sidan ho ser opp til og beundrar mannen sin “over all måte”, og tydelegvis er fornøgd med maktfordelinga i forholdet.

            Morten og Fanny Garman har eit underleg fohold, som mest kan seiast å vere ein fasade. Båe har utenomekteskapelege forhold, Morten har fått eit barn med Marianne og Fanny speler eit intrikat spel med Delphin. Det er likevel klart at Morten er den av dei med makt. Han har arbeid og er den som forsørgjer familien.

            Eit anna underleg forhold er det som finst mellom Gustaf Torpander og Marianne Bekmann. Torpander nærer i all vørdnad ein ugjengjeldt kjærleik til Marianne, medan det kan sjå ut som om ho ikkje eingong vurderer å ta han imot. Dette kan skyldast at hennar ulukksalege forhold med Morten Garman har gjort ho umottakeleg for mannleg kjærleik. Uansett er det interessant å sjå at Torpander synast å rekne ho for å vere hans like.

            Til sist må nemnast det forholdet Richard Garman må ha hatt for å få Madeleine. Om dette veit me ikkje mykje. I fyrste kapittel høyrer me: “Hvorledes mon det kunne henge sammen? - mon han hadde vært ordentlig gift? - det var ikke likt ham!”. I kapittel XV får me så høyre at presten Martens “var fordomsfri nok til å trosse det alminnelige rykte, at Madeleines far ikke hadde vært ordentlig gift med hennes mor”. Såleis er det altså god grunn til å tru at forholdet har vore utenomekteskapeleg, som er høgst utradisjonelt i det samfunnet me finn i Garman & Worse.

 

Når ein skal dra nokre liner til handsaminga av kjønnsspørsmålet i annan litteratur frå same tidsrommet, er det nødvendig å hugse på at dei samfunna me møter i alle desse verka er i utgangspunktet like mannsdominerte som i Garman & Worse. Såleis vil det vere mest fornuftig å drøfte forholda meir spesifikt med ein gong. Det kan vere naturleg å starte med romanen Magnhild (1877) og skodespelet Leonarda (1879) av Bjørnstjerne Bjørnson (1832-1910), mellom anna fordi Leonarda refererast til i Garman & Worse. I den fyrste møter me Magnhild som ganske ung giftar seg med den halvgamle Skarlie, men som seinare vert forelska i komponisten Tande. Han skuffar hennar håp, og ho vert apatisk og uverksam. Likevel er det Tande som hjelper ho til å reise seg igjen, og utan å vite det hjelper ho han ut av eit øydeleggjande forhold. Ho bryt seinare ut av ekteskapet, og vert såleis ifølgje Beyer den fyrste kvinna i norsk litteratur som nektar å leve i eit nedverdigande ekteskap (Beyer 1975:180). Leonarda er ei “vantro” og fråskilt kvinne som vert sett på med mistro av biskopen i nabolaget. Ho syner seg likevel i stand til ei sjølvovervinning og forsaking som gjer at biskopen må innrømme at han har gjort ho urett. Ein ser altså i desse døma at Bjørnson deler manglande sympati for den ujamne maktfordelinga mellom mann og kvinne i samfunnet med Kielland.

            Leonarda kom trass i god mottaking i skuggen av Et Dukkehjem frå 1879 av Henrik Ibsen (1828-1906). Her er det tilsynelatande lukkelege ekteskapet mellom advokat Helmer og kona hans, Nora, under kritikk. Det er eit forhold bygd på illusjonar og falske tilhøve. Nora har tatt opp eit lån i mannens namn for å redde han, og då dette kjem for ein dag, går det opp for Nora at Helmer på ingen måte er det ho trudde han var. Han er like fjern frå hennar draumar om “det vidunderlege” som ho er frå den “lerkefuglen” han har leika med. Ei gjenforeining mellom dei to måtte ha innebore at dei båe forandra seg slik at dei kunne fått eit ekteskap mellom frie, jamstelte menneske utan førestellingar og rollespel. Men det siste me høyrer er at Nora drar sin veg. Ibsen syner her sin samhug med det det likestelte forhold, som han har i lag med Kielland.

            Óg i 1879 kom romanen Amtmandens Døttre av Camilla Collett (1813-1895), eigentleg frå 1855, i ny utgåve. Romanen kom såleis forut for realismen, men har ein tematikk som gjer han interessant og relevant. Han tek føre seg amtmann Ramm med frue og deira fire døtre samt fullmektig Georg Cold, venninna hans Margrethe og prost Rein, med hovudvekt på forholdet mellom dottera Sophie og Cold. Sophie og Cold har eit kjærleiksfylt forhold som tek slutt på grunn av ei misforståing, og Sophie endar opp med Rein, som ho ikkje elskar. Klaga i romanen rettar seg fyrst og fremst mot dei kåra kvinner veks opp og lever under: Ekteskap og kjærleik synes å vere i eit gjennomgåande motsetnadsfylt tilhøve. Kvinnene framstillast som ofre og objekt (mannen som subjekt) i ekteskapet, i båe generasjonar. Det sterke indre kjenslemessige drivet på den eine sida og den passive haldninga på utsida er ein konflikt kvinner må leve med. Endå klarare vert kvinnenes stilling når ein hugsar på at ordet vare faktisk takast i bruk om kvinnene. Collett framstiller sjølvsagt desse tilhøva kritisk, og står dermed på same side som Kielland.

            Til avslutning kan det vere av interesse å kome inn på noko av tematikken i Forraadt (1892) av Amalie Skram (1846-1905). Ho fell med denne og andre romanar inn under naturalismen, som var den litterære retninga som etterfulgte realismen i norsk litteratur. Romanen fortel om ei særs ung kvinne, Aurora, som vert gjeve av sine foreldre til ein langt eldre og meir erfaren mann, kaptein Rieber. Offer- og undergjevnadsframstillinga er også her til stades, men ikkje så klart og eindimensjonalt som i dei andre verka me har sett på. Istaden er det, slik Beyer understrekar, at båe Aurora og Rieber har vorte forrådde, fyrst og fremst av dei som kastar unge kvinner uforberedte og forsvarslause ut i den nådelause røynda (Beyer 1975:493). Skram er med Forraadt kanskje enda krassare i sin kritikk av dåtidas forhold mellom mann og kvinne enn Kielland var, og står såleis i eit slags etterfølgingstilhøve overfor Kielland i denne samanheng.

 

 

Litteraturliste

 

Andersen, Per Thomas 2001. Norsk Litteraturhistorie. Oslo

Beyer, Edvard (redaktør) 1975. Norges Litteraturhistorie bind 3. Fra Ibsen til Garborg. Oslo

Henriksen, Petter (hovudredaktør) 1996. Hele Norges Leksikon bind 5. Oslo


 [RH1]

 [RH2]